
Min Kjære venn i første rekke ga meg Kjennskap til diktene til Sigbjørn Heie. Håper dette kan være en liten appetittvekker til andre (kilden til bilde: www.samlaget.no):
To dikt fra hans samling - Inne i en draum -Det Norske Samlaget 1997:
Vegen er målet
det var det mørke steget
som var ditt
eit steg bort frå bygd veg
og ut i ulendt
du måtte berre gå
der ingen kunne stø deg
dine mørke steg
bort frå alt og alle
Vegen er ikkje for alle
vegen er ikkje for alle
som skal heim
nokon må også krype i grøfta
Litt om Sigbjørn Heie hentet fra allkunne NYNORSK KULTURHISTORIE-Sigbjørn Heie, forfattar og lærar frå Tysnes. Forteljingsbøker for barn og unge og var poesi pregar forfattarskapen hans.
Sigbjørn Heie er fødd 25. januar 1945 i Tysnes og bur på Frekhaug i Meland kommune. Han er utdanna og har arbeidd som lærar. I 1972 debuterte han med diktsamlinga Bilete, og han har sidan gitt ut ei rekkje diktbøker, prega av vare stemningar frå natur og kjensleliv. Heie er også novellist og har skrive romanar for vaksne. Han har hatt ei rekkje artiklar i antologiar og tidsskrift, og han har skrive litteraturkritikk for ulike aviser og blad.
Det er likevel spenningshistorier for barn og ungdom Heie har vunne mest fram med. I 1976 gav han ut den første, Sommaren det hende, og sidan har han kome med ei rekkje forteljingsbøker på mellom anna Norsk Barneblads Forlag. Heie var sjølv redaktør i Norsk Barneblad ein kort periode i 1978–79. Seinare stod han saman med Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Einar Økland bak pseudonymet John Donner, som skreiv Sommerset-serien – ein nynorsk krimserie for ungdom på 13 bøker, som kom i åra 1982–87.-


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar